Del Skriv ut Legg til bokmerke

Historier

» Vis alle     «Forrige 1 2 3 Neste»     » Lysbildefremvisning

Minner frå Værøy og Tafjord

Historie kopiert fra hjemmesiden til Olav Arne Korsnes

                                       
Minner frå Værøy og Tafjord
Av Anders Korsnes

Eg er son til Magnus Korsnes som var son til Karl Andreas og Nikoline på Korsneset. Karl Andreas reiste om vintrane til Lofoten (Værøy) på arbeid med fisk og trandamperi.
Far min måtte tidleg være med på disse turane, men slo seg til ro også somrane, og då med bygningsarbeid saman med Anders Olson Røv frå Surnadal.

Han hadde gifta seg pÃ¥ Værøy, seinare VÃ¥gan (KabelvÃ¥g) Etter kvart kom det 9 søsken til vera, men berre 5 fekk leve opp, og den eine dottera døyde 7 Ã¥r gamal .  4 døyde som spedborn i den tida spanskesykja herja landet.
Så kom det verste for far og oss, mor døyde då eg var 3 år gamal. Då eg var 6 år flytta far og tre av borna til Tafjord, der det var bra om arbeid. Det var i 1920. Ei av systrene mine, Anna, vart verande hos besteforeldra på Værøy, men kom nokre år seinare heim til oss i Verpesdalen.

Det luklegaste som hende var at far gifta seg med Elen Verpesdal. Dette blei mor mi, og som eg med rette kan kalla mor. Annlegstida i Tafjord tok slutt då eg var 9 år, og vi flytta til Verpesdal, og det vart nye forhold.
Der vaks eg opp lukkeleg mellom fjord og fjell og dyra på garden. Det var ingen born i Verpesdal på min alder, og ofte var leikekameratane kjea og lamma på garden.
Arbeid måtte eg vere med på dagleg i denne tida eg ikkje var i Ytterdal på skule. Skuletida skal eg kome attende til. Far min var ikkje interesert i skog og mark, eg såg han aldri på ski eller jakt.
Derimot vart eg kjend med Ole J. Verpesdal som seinare skulle bli min svigerfar. Han lærte meg å sette opp røyskattfeller og rypesnare, og vi ferdast ilag frå fremst i Verpesdal til Robbervikstølen.

Arbeidet på garden ser eg ikkje som det såkalla "barnearbeid". For meg var det ein god lærdom å ta med seg, på samme tid som det var triveleg.
Tenk berre på korleis det var for ein 9-åring å få køyre ein hest.
Skuledagane må sjølvsagt nemnast. Det var ei tid som ikkje berre var glede. Vi hadde ei veke skule og ei veke fri. Skuleveka måtte vi sjølvsagt bo heime frå hos snille menneskjer i Ytterdal.
Særleg bør vi minnast "strikkar Maria" somvar som ei mor for oss. Vi måtte utruste os med mat for ei veke, vi fekk ikkje gå i butikken å kjøpe det som tregdes. Reisa til skulen vintersdag kunne vere både slitsam og farefull. Ising på gangstien ned til sjøen og fjorden var ikkje altid i godlage.
Ned gangstien måtte ein ofta ha band på ungane. Vi måtte ro heile vegen for å holde varmen. Sliten kom vi på skulebenken måndag føremiddag, der læraren tok i mot oss med "Dykk må kome til rett skuletid". Eg blei ikkje glad i denne skulen.
Etter mi skuletid var det eit år skule i Verpesdal, det var mange nok born til det. Eg var då flytt heimanfrå, men Olga har fortald om korleis det var. Det var då felles lærar med Rønneberg skule.
Olga likte ikkje denne isolerte tilværelsen, men ynskte å få gå siste skuleåret saman med kameratane i Ytterdal, og slik blei det. Når det gjeld borna i Verpesdal i Olga si bardomstid har ho fortald i dei to gardane, var desse som ein syskenflokk, slik var det også i ungdomsåra.

For Olga og meg var Verpelsdalen ikkje slutt med dette. Av og til var eg heime i Verpesdal og vart kjend med Olga, og vi forlova oss før jul i 1942.
Etter trulovinga vart Olga med meg til Austlandet, men vi kom våren 1943 heim til Verpesdal der vi la planer for framtida. Foreldra mine var då komen opp i åra og overlet garden til oss.
Vi starta opp med grønnsakdyrking og fann snart ut at det var gode vekstvilkår i Verpesdal. Vi sendte grønsaker til garnarhallen i Ålesund med annløp av MRF to gonger i veka i sommarhalvåret. Vi hadde bryllaup i Verpesdal 16 juli 1944.
Våren 1945 fekk vi vår fyrste son, og vi tenkte meir på framtida, og korleis det ville bli når borna skulle på skule.
Vi hadde prøvd dette begge to, og når eg så fekk tilbod om å kome attende til Austlandet til ei stilling eg hadde før , slo vi til.

Dermed vart det slutt på gardsdrifta i Verpesdal for vårt vedkommande hausten 1945. Likevel har eg og Olga sytt for at det er ein god fritidsbustad på garden, og vonar at etterslekta tek vare på hus og gard.
For meg er det no godt å vite at eg og Olga hadde same oppvekst og at "alt det vi gjorde det gjorde vi i lag".



Linket tilAnders Korsnes

» Vis alle     «Forrige 1 2 3 Neste»     » Lysbildefremvisning





Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 13.0.1, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Audun Gautvik.