Del Skriv ut Legg til bokmerke

Historier

» Vis alle     1 2 3 Neste»     » Lysbildefremvisning

Jakobsgarden i Verpesdal

Historie kopiert fra hjemmesiden til Olav Arne Korsnes

Jakobsgarden i Verpesdal

Fortalt av Ole og Sofie Verpesdal til Sakrias Ansok i boka "Eld som slokna" (1965).

 

Den 6. desember 1964 flytte Ole og Sofie Verpesdal, og som dei siste frå denne grenda. Ole er 69 år og Sofie 68. Vi finn desse to på Lerstad i Borgund, i heimen til Jon og Borghild Ringstad.

- Det ser ut til at du har funne ein god stad å bu no?

- Det er vanskeleg å finna han betre - når ein skal vere heimafrå, seier Ole. Sofie smiler - og syner tydleg at det var slik ho ville ha sagt det . Borghild er dottera deira.

- Kvifor flytte de frå Verpesdal? Ole sit ei dryg stund før han svara.

- Vi var ikkje tenkt på å flytte i alle fall ikkje så snart . Men eit lynnedslag i transformatoren i Verpesdal gjorde at vi vart utan elektrisk kraft. Saka vart handsama av dei som fekk med dette å gjere. Det vart prata om å kjøpe ein ny transfomator, og om at dette var meiningslaust - vi var to meneske i Verpesdal. - Enden vart at det ikkje skulle kjøpast ny. Men det vart satt opp ein bensinmotor for taubana Og det vart kobla lågspentstraum inn på den lina som før hadde vore høgspentline. På den måten kunne vi få lys i ei par lyspærer. Eller vi slokte desse og kunne så vidt få "liv" i radioaparatet. Det var også alt.

- Men før i tida då det ikkje fantest elektrisk kraft, korkje her eller der - då ville folk bu i Verpesdal.

- Ja det er sant. Det var endå tenkt på å bygge køyreveg over Kilsti så seint som i 30-åra. Vi søkte om å få tilskot til veg. Vi fekk også ei løyving, på det vilkår at vi i Verpesdal skulle bere halvparten av det vegen kom til å koste. Det var Gerhard Myklebust som kostnadrekna vegen. For pengane vi fekk leigde vi tre mann. Karl Andreas Tafjor var formann. Og så arbeide vi Verpesdal-karane pliktarbeid etter som avtalen var.

Hus og mat fekk dei tre leigekarane likt hos alle dei tre tuna.

Åra gjekk. Det var ei vanskeleg tid. Kvar mann hadde nok med seg. Og så vart det ikkje noko meir av vegarbeidet.

- Er det andre slike ting har gått saman om?

- I 1919 gjekk Kilsti Ospahjellen, Verpesdal og Skrenakk saman å bygge ei eintråda telefonlinje fram til desse gardane. Kostnadane vart delt slik: Kilsti bygde frå Ytterdal og opp til Kilsti. Ospahjellen og Verpesdal bygde Kilsti - Ospahjellen - Verpesdal. Og så kosta Skrenakken resten. På Skrenakken budd ikkje folk då. Men dei som åtte garden dreiv stundom med vedhogst. Og dei var interesert i å få telefon.

Norddal Sparebank gav ei gåve til denne kostnaden. Kor stor ho var kan eg ikkje minnast , annan enn at eg fekk 30 kroner.

Vi var altså inne i dei åra som vart kalla millomkrigsåra. Svært lite var det å få for det ein kunne selje. Det røynte hart på for nokon kvar. Og eg prøvde å bøte på dett med å leige bruksrett på Skrenakk, som då låg øyde.

Først gjorde vi os ferdige med slåtten i Verpesdal, og så flytte vi dit opp. I sju år held eg det gåande på denne måten frå 1925 til 1932. Vi fekk i hus bra med høy. Der er god jord, flatt og fint. Men husa var svært ringe.

Hausten var det å flytte ned til Verpesdal, for dei fleste. Smalen (geit og sau) fora vi på skrenakk framover vinteren, så lenge vi fann det teneleg . Mykje av høyet var pressa i ballar. Desse høyballane køyrde eg først i hard motbakke innover fjella til eg kom fram til ein løypestreng . Og så var dei sende vidare ned på denne ned til Verpesdal.

På etterjulsvinteren 1931 var eg i lag med tre mann og dreiv vedhogst på Skrenakk. Så ei natt så ringde det i telefonen, og eg var på beina i ein augneblink.

- Er det du Ole?

- Ja

- No kjem det snart meir småfolk.

- Vel. - Lenger varde ikkje telefonsamtalen. Eg fekk på meg på føtne to av karane og gav dei i oppdrag å gå over fjellet etter jordmor. Sjølv tok eg kortaste vegen til Verpesdal.

Karane kom at sjøvegen med jordmora, og før enn ventandes var. alt gjekk godt. Det var Harald som kom til verda den gongen.

  40 Ã¥r er gÃ¥tt sidan Sofie kom til Verpesdal, som kone i Jakobsgarden.

- og du har hatt berre gode dagar her?

- Å, - en må møte noko av kvart i så ei lang tid. Eg har opplevd mykje godt i Verpesdal, mykje som eg aldri villa ha bytt bort. Men det må bli mang ein ott når dine folk, både store og små, så

 ofte som her mÃ¥ ut pÃ¥ reis. Ein vinterdag kan vere kort og lunefull. Kanskje braka det laust med uver. Folka som var ute i robÃ¥t og som skulle kome heimat - vert borte. Telefonlina vert i ustand. Og sÃ¥ har du berre fjella og uveret og kolsvarte natta omkring deg. Ei Januarnatt 1931 skal eg sein gløyme:

Det var ein mandag. Ein flokk skuleborn vart utnista og tekne med til Ytterdal. Dei som hadde vore på skule veka før, skulle bli med heimat. Ut på dagen vart himmelen sers mørk og tung . Det vart tidleg avdag. Og så bar det til med sturtregn og storm. Ja det var så det berre sukka og sokk i alle ting! Vi viste ikkje antan folka var på land eller sjø. Vi prøvde å telefonere men kom ingen veg. - Og så kom natta. - Dette var ein gong då Eidsalselva laga storflaum og truga med å sope på sjøen store deler av Ytterdal. I lag med mange frå Ytterdal fekk også folka som var ute herfrå redde seg inn på motorbåten til Jon Ytterdal og vart sett trygt på land i Dalsbygda der dei overnatta.

Dagen etterpå var det fint ver. Ja ein kan seie at det kom ein dag attpå ei natt. - Alle våre kom velberga heim. Ein spør ikkje i slike stunder etter kvar ein skal bu. Heller ikkje etter kvar ein har av eitt eller hitt. Men ein kjenner ei stor og inderleg taksemd i seg for å få leve saman med sine kjære.

 


Linket tilAnne Sofie Bendiksdtr. Verpesdal; Ole Kristoffer Jakobssen Verpesdal

» Vis alle     1 2 3 Neste»     » Lysbildefremvisning





Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 13.0.1, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Audun Gautvik.